torsdag 5. januar 2012

Multifasettert i mørkretid...



innhylla i mulm og måneskinn vandrar eg
natta metter meg med ro
himmel overstrødd med stjerner
ein og ein er alltid to


uti havgapet vinka frå eit fyr
ein gammal flamme
enno langt frå mett av dage
sende lønnlege glimt i mørketid


men eg har anna ledelys langs leia

så drikk eg måneskin
sanker stjernestrålar
smakar varme frå ein nytend flamme
drøymer draumar dag som natt




innhylla i mulm og måneskin vandrar vi
natta metter oss med ro
himmelen overstrødd av stjerner
ein og ein er jo to


bakom oss kviler ikkje byen enno
men vi har pustepause og drikk måneskin
sankar stjernestrålar
krystar elskov ut av dagen sine siste timar


og vi har ledelys langs leia


© Toril Karin Solheim

2 kommentarer:

Elin sa...

Hei, Toril. Er det du som skrevet alle de fine diktene? I så fall er jeg imponert over din ordkunst - utrolig vakre ord! Klem.

Toril sa...

Hei, Elin - og godt nytt år til deg! Ja, det er nok mine egne ord alle sammen... Takk for hyggelig tilbakemelding fra deg! Klem